Myrane
Myrane, gnr.97,bnr.10 i Ørskog kommune. Korleis namnet har oppstått, veit ingen sikkert. Her har aldri vore myrlendt. Ein teori er at kallenamnet peikar på "Murane", då forfedrene var flinke til å legge areal til drivverdig mark med støttemurar, som finst langs elvedalen fleire stader.
 
Bruket har gjennom generasjonar husa tradisjonell gardsdrift. I 1936 vart eit lite drivhus sett opp (bildet), og i dag er det Myrane Gartneri som er hovudgesjeften på bruket.
Â
Â